Tilrettelagte friluftsdagar

Våre tilrettelagte friluftsdagar er berekna på personar med ulike fysiske og psykiske utfordringar, og som pga. dette ikkje kan reise på eitt opplegg aleine, men som må ha med seg assistent. Deltakarane får gjennom desse friluftsdagane ta del av aktivitetar som fiske med line, pil og boge, skogstur, naturquiz, bålkos og kanopadling m.m. Her får ein komme seg ut i friluft og aktivt delta i praktiske aktivitetar utifrå sine eigne føresetnader.

Med fokus på moglegheiter framfor begrensningar finn me ein måte å få alle i aktivitet!

Positive opplevingar, nye utfordringar, meistring, læring, samhald og samarbeid er nokre stikkord for friluftsdagane. Aldal friluft kan tilby følgjande aktivitetar basert på ulike årstider:

Skogsdag:

Målet med skogsdagen er at gruppa skal få ei innføring i friluftsliv i skogsmiljø samt ein dag med sosialt samvær. Friluftsdagen blir ein tur til fots gjennom skogen. Undervegs blir det aktivitetar som natur-quiz, leikar og bålbrenning med matlaging. Det vil bli fokus på meistring og positive opplevingar utifrå den enkelte sine føresetnader. Lunsjen blir gjort i stand på bål og stormkjøkken. Skogsdagen blir i utgangspunktet gjennomført i Aldalen, Samnanger, men ved ynskjer om aktivitet på annan plass så kan dette diskuterast. Turen krev at ein kan ta seg fram i skog og mark til fots.

Kanodag:

Målet med kanodagen er å gje gruppa ei innføring i sjøfriluftslivet der fiske og kanopadling er fokusområder. Her får alle i samarbeid lære å sette i stand ei fiskeline, samt å trekke den. Det blir også fisking frå båt, kanopadling, bålbrenning med matlaging, pil og boge og bading, dersom været tillèt det. Lunsjen blir ein grillbuffét ved sjøen. Kanodagen blir gjennomført i Aldalen, Samnanger.

Vinterdag:

Målet med vinterdagen er å gje gruppa ei innføring i vinterfriluftsliv med fokus på skigåing, skileik og positive opplevingar i vinterlandskap. Det vil bli satt opp lavvo med ovn der ein kan gå inn å varme seg ved behov. Inne i lavvoen blir det ulike leikar og konkurransar, samt varm lunsj. Vinterdagen blir i utgangspunktet gjennomført på Gullbotn.