Nyheiter

Måndag 26.juni

Årets friluftsleir starta i Aldalen. Veldig nøgd med at regnet var over og leirværet kom i tide, sjølv om det ikkje heilt var sommartemperatur. Første dagen var det planlagt tur opp mot Fitjavatnet/Totræna. Etter pakking, fylling av vannflasker, dobesøk m.m var me klare til å gå frå Aldalen rundt kl. 09.30. Me gjekk ikkje fullt så langt som var planlagt, men fann ein fin plass der det var mogleg å herje litt, samt plass til 5 stormkjøkken:)Stormkjøkkena brukte me til å steike banana pancakes, kun laga av bananer, egg og bakepulver. Dette tok sjølvsagt litt tid og krevde tålmod, men ettersom det var nokre som var spesielt interessert i å bidra med å steike så ordna dette seg fint. Då var det moglegheiter for dei andre å få ut litt energi ved å springe litt rundt:) Me kom tilbake til leirplassen rundt kl.14.00. Da var det rett i kanoane og i fiskebåtane. I tillegg hadde eg lovd at det skulle bli eit kort bad, så det blei ein hektisk halvannen time, og me var vel ikkje heilt klare når foreldra kom, men det blei no tatt med eit smil:)Mykje makrell blei det i alle fall fiska på denne korte tida, så det blei bestemt at me i staden for fiskesuppe skulle steike den sjølvfiska makrellen til lunsj tysdag.

Tysdag 27.juni

Gruppa blei delt i to. Den eine lagde til og satte ut snik, samt fiska frå båt dei første timane, medan den andre gruppa hadde ulike ballspel, leikar og pil og boge på land før dei kom ut i kano eller båt. Også denne dagen aula det av makrell og me hadde fullt arbeid med å sløye/filitére all fisken. Noko måtte også gå som agn til snikane. Elles blei det eit kort bad også denne dagen. Temperaturen var noko høgare, men framleis var det ikkje heilt sommar temperatur i lufta, og spesielt ikkje i sjøen, men dette såg ikkje ut til å hindre borna i å bade:) Blei berre eitt litt kortare bad:)Til lunsj blei det deileg stekt makrell og det såg ut til at det smakte:) Fisket fortsatte frå dagen før, og i tillegg til makrell blei det også fiska ein stor lyr(på snik), mindre lyr og paler.

Onsdag 28.juni

Ein fantastisk sommardag med fin varme heilt frå morgonen av. Den starta med at det blei bytta om på gruppene frå tysdagen i forhold til å starte på sjøen eller på land. Etter kvart blei det aktivitetar som padling, fiske, pil og boge, armbåndslaging og bading for alle. Til lunsj lagde me tortillapizza på bålpanne. Me fekk øvd på sløyeteknikken denne dagen også ettersom makrellen beit og beit, men i tillegg blei det b.l.a fiska ein kjempefin lyr på stang, og ein blekksprut(som blei slept ut igjen). Planen om fiskesuppe blei igjen kansellert ettersom lyren er ein super steikefisk. Torsdag blir det derfor ekte heimelaga fiskepinner med poteter og gulrot. Torsdag blir ein lang dag på leir med overnatting for dei som ynskjer, så det ser me fram mot. Det kan jo også sjå ut som det kan bli moglegheiter å sove ute under open himmel for dei som vil:)