Informasjon angåande barn med behov for assistent

Me har som mål at alle barn skal kunne delta på våre leirar. Dette gjeld også barn som treng særskild oppfølging av ein eller anna grunn.

På fleire av leirane dei tidlegare åra har me ved behov hatt ekstra assistent med frå kommunen for å gje barnet den oppfølginga det treng for å kunne delta på leiren.

Me har eit godt samarbeid med kommunen for å ordne dette, og vil vere behjelpeleg i diskusjon med kommunen.

Under leiren blir barnet med assistent behandla likt som alle dei andre og rolla til den ekstra assistenten er ofte berre å følgje med litt ekstra på dette barnet, og vera der ved behov.

Me ber alle vere merksame på at me tar sikkerheita til barna alvorleg. Om det av noko anledning skulle vise seg at eit barn har avgjerande behov for assistent, og me ikkje har blitt informert om dette på førehand, så vil barnet måtte avbryte leiren.
Dette av den enkle anledning at me har personale i forhold til antal barn, og har ikkje moglegheit for å gje enkelte ekstra oppfølging under leiren.
Me ber derfor om å bli informert om eventuelle ekstra behov ved påmelding. Om du er i tvil om dette gjeld ditt barn ber me om at du kontaktar oss så me kan diskutere saken.

På førehand takk.