Aldal friluftsleir

Barnelydar frå Aldalen blir høyrt på lang avstand. Det er jubelrop etter å ha dratt opp ein stor fisk aleine. Det er eitt stolt gledeshyl då ein endeleg tør hoppe i sjøen frå 2 meteren. Barn som aldri før har sete i ein kano, men som etter nokre dagar padlar som om ein ikkje har gjort anna. Den litt nervøse magen når det nærmar seg overnatting i lavvo for første gong. Latter og leik i sjøen.

Det er dette som er fokus under leirane. Positive opplevingar, nye utfordringar, meistring, læring, samhald og samarbeid.

Aldal friluft ynskjer at barna i løpet av leiren skal sitte igjen med mange positive opplevingar, men også læring. Me vil gjennomgå mykje forskjellig, og barna vil læra seg ulike ting innan fiske, padling, skogsliv, sjøliv m.m.