Bakgrunn

Enkeltmannsforetaket Aktivitetskonsulent Annette Hovland blei starta i januar 2009. Bakgrunnen for dette er ei brennande interesse for idrett og friluftsliv, og å kunne nytte dette engasjementet for å bidra til positive opplevingar for barn, unge og vaksne.

Eg, Annette, er født og oppvakse i Aldalen i Samnanger kommune. Her har eg heilt sidan eg var lita nytta meg av skogen og sjøen som ligg like i nærleiken. Eg er utdanna idrett og friluftslivslærar, samt at eg er spesialpedagog. For tida jobbar eg på tilrettelagt avdeling og idrettsvdelinga ved U.Pihl vgs.

Utifrå interesse og bakgrunn, så har eg skapt noko eg trivast med, og som kan bidra til glede og opplevingar hos andre.

Foreløbig er hovudaktiviteten friluftsleirar for barn på sommaren, men har også gjennomført tilrettelagte friluftsdagar for personar med ekstra utfordringar.

Ellers kan Aldal friluft tilby kanoutleige, samt friluftspakkar etter avtale.