Nyheiter

Åpen aktivitetsdag 6.juli

Fredag 6.juli blir det åpen aktivitetsdag i Aldalen.

Dette er frå kl. 10.00 - 15.00, men ein kan komme og gå som ein vil:)

Det blir aktivitetar som kano, fiske, bading, pil og boge, leikar, ballspel, konkurransar o.l. Arrangementet er gratis, men for dei som ynskjer, blir det moglegheit for å kjøpe pølser, kaker og drikke.

Alle som kjem til leirplassen er der på eige ansvar, og alle born må ha med seg ein vaksen.

Håpar mange allereie har fått ferie og vil ta turen innom:)

Aktivitetsdagen er eit samarbeid mellom Aldal Friluft og Samnanger kommune

Ingen leir sommaren 2018

Det blir desverre ikkje leirar i år. Håpar dei som ynskjer,finn andre alternativ for sommaren. Så får eg heller komme sterkare tilbake:)